Nyheitsbyrået siterer anonyme kjelder på opplysningane om at slike vurderingar blir gjorde i fotballforbunda i Europa (Uefa), Asia (AFC) og Nord- og Mellom-Amerika (Concacaf).
Ifølgje Reuters har det aldri tidlegare vore stemt over eit mistillitsforslag mot den sitjande Fifa-presidenten i den 122 år lange historia til det internasjonale fotballforbundet.
Dersom minst ein femdel av Fifas 211 medlemsnasjonar krev det, vil forbundet vere pålagt å kalle inn til ein ekstraordinær kongress innan tre månader er gått. Der vil eit mistillitsforslag kunne stemmast over med éi stemme til kvar av dei 211 nasjonale forbunda.
– Det finst ingen annan utveg. Anten går han (Infantino) av på den fredelege måten og droppar å stille til attval i mars, eller så må han gå av på den harde måten, seier ei kjelde i eit av dei kontinentale forbunda.
Vedkomande meiner at skaden Fifa har påført seg sjølv, er irreversibel.
– Du kan ikkje helle ketsjupen tilbake i flaska.
Splittar fotballverda
Ingen av forbunda vil kommentere opplysningane, men Uefa og Concacaf viser til ei tidlegare fellesfråsegn frå dei tre forbunda der Fifas leiing blir skulda for eit grunnleggjande tillitsbrot.
Verken Fifa eller AFC har svart på ein førespurnad frå Reuters om saka.
Bakgrunnen for den massive kritikken mot Infantino den siste tida er Fifas planar om å opprette eit selskap som skulle sleppe til private investorar i Fifa-turneringar, blant dei VM-sluttspel for menn og kvinner.
Fifa har beklaga til medlemsforbunda sine for feil i handteringa av forslaget, og fleire land har offisielt ytra støtte til Infantino. Blant dei er VM-arrangøren frå 2022, Qatar, og Marokko, som er ein av vertane i 2030.
Andre forbund, som New Zealand, Skottland og Israel, har snudd og trekt si støtte til Infantino den siste tida.
Manglar motkandidat
Infantino har vore Fifa-president sidan 2016, og han planlegg å stille til attval for ein siste fireårsperiode på kongressen i Marokko i mars.
Førebels har han ingen motkandidat, og det er frist 18. november med å nominere motkandidatar.
Noregs fotballpresident Lise Klaveness har tidlegare sagt til NTB at ho trur at Uefa vil prøve å einast om ein motkandidat til den mektige sveitsaren.
– Altså, du stemmer jo åleine, og kvart land har éi stemme, men eg vil heilt sikkert tru at Uefa kjem til å prøve å samle troppane bak anten ein heilt ny kandidat eller ein motkandidat, avhengig av om han (Infantino) trekkjer seg, sa ho førre veke.
Afrikas fotballforbund (CAF) har samtidig understreka si støtte til Infantino, og CAF-president Patrice Motsepe uttalte nyleg at framtida hans burde avgjerast av Fifas medlemmer på kongressen i 2027.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110982](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/vd_ZaWZr03Y.jpg)



0 kommentarer