– «Uten tittel» er eit ambisiøst prosjekt som byggjer vidare på Eskil Vogts særeigne kunstnarskap. Vogt er ein filmskapar med ei tydeleg kunstnarisk stemme og sterk internasjonal posisjon, som no utviklar seg vidare med sin tredje spelefilm som regissør, seier direktør Kjersti Mo i Norsk filminstitutt (NFI).
Produsent for filmen, Maria Ekerhovd, fortalde til Bergens Tidende i mai at dei hadde fått sitt tredje avslag frå NFI på søknad om støtte. Dei håpa på 20 millionar kroner, sa Ekerhovd den gongen.
Tilskotet er tildelt i vedtaksmøte i Norsk filminstitutt denne veka etter at søkjar bad om ny og uavhengig vurdering av søknaden, heiter det i pressemeldinga.
– Å gi filmskaparar høve til å utvikle sterke kunstnarskap over tid er ein del av skaparsatsinga, som er eit hovudgrep frå Norsk filminstitutts nye strategi, seier Mo.
«Uten tittel» blir beskrive som ein psykologisk thriller om kunst, makt og dei urolege grensene mellom minne og sanning. Eskil Vogt har skrive manus og regisserer.
Filmskapar Eskil Vogt har samarbeidd med Joachim Trier om ei rekke filmar, blant dei «Affeksjonsverdi», som vann Oscar for beste internasjonale film i fjor, og «Verdens verste menneske». For sistnemnde film vart Vogt og Trier Oscar-nominert for beste originalmanus.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109241](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/hX8-aGrHTAM.jpg)



0 kommentarer