Fleire har tolka ein ny ordlyd i uttalen frå Noregs Bank som at det er mindre sannsynleg med ein ny renteauke i september, men enkelte av sjeføkonomane som møttest til panelsamtale under Arendalsveka, er ikkje fornøgde med rolla til sentralbanken i den store økonomiske debatten.
Holvik i SpareBank 1 har sjølv jobba i Noregs Bank og viser til at institusjonen tidlegare hadde eit eksplisitt ansvar for å uttale seg breitt om norsk økonomi.
– Det saknar eg i dag, sa ho.
Peikar på oljepengebruk
Holvik meiner Noregs Bank har vore altfor tilbakehalden med å seie høgt det mange økonomar lenge har meint: at det er finanspolitikken som tvingar renta opp.
– Ida har eit anna verkemiddel enn renta, og det er stemma si, sa ho.
Sjeføkonom Tore Vamraak i Sparebanken Norge er like tydeleg. Han meiner den kraftige auken i oljepengebruk dei siste fem åra som er ei direkte årsak til at renta er så høg som ho er.
– Eg tør å påstå at ho har bidrege til minimum eitt prosentpoeng høgare styringsrente, sa han.
– Altfor forsiktige
Vamraak påpeikar at Bache forheld seg til statsbudsjettet slik det ligg føre, og ikkje legg seg opp i korleis det er innretta.
– Når statsbudsjettet er såpass ekspansivt som det har vore no, så må ho halde renta høg lenger, sa han.
Vamraak meiner sentralbanken må bli tydelegare:
– Eg synest ho og Noregs Bank har vore altfor varsame med å påpeike kor mykje effekten av ein ekspansiv finanspolitikk, altså høg oljepengebruk frå Stortinget, har bidrege til ei høg rente.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108893](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/uSDI1twn8HE-2.jpg)



0 kommentarer