NRK-hausten: Gro Harlem Brundtland gjestar «A-laget»

av | 13. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Tidlegare statsminister og Ap-leiar Gro Harlem Brundtland er blant gjestene som blir intervjua i den tredje sesongen av «A-laget» på NRK.

«A-laget» har vorte ein sjåarfavoritt på NRK, og Gro Harlem Brundtland er ein av dei åtte gjestene i den tredje sesongen av programmet, skriv kringkastaren i ei pressemelding.

Kven dei andre sju gjestene er, blir ikkje kjende før i oktober, men premieredatoen for det første programmet er 24. oktober.

NRK presenterte torsdag menyen sin for hausten, og nokre av dei andre programma er Else Kåss Furuseths «Kåss går det?», eit nytt spelprogram «Bløff», lagutgåva av «Mesternes mester», «Norges tøffeste», «Alle mot 1» og «Maskorama».

(©NPK)