Augneblinken når månen passerer mellom jorda og sola, kallast ei solformørking. Neste gong ei solformørking av denne storleiken er synleg over Noreg er i 2039.
Det er venta at over 80 prosent av sola vil vere dekt til, om du er på det norske fastlandet onsdag kveld mellom klokka 19 og 21. Ser du formørkinga frå Svalbard, vil heile 90 prosent av sola vere dekte.
Om ein faktisk får auge på fenomenet er derimot eit anna spørsmål. Ifølgje Meteorologisk institutt er det meldt mykje skyer over store delar av landet.
– Det er jo ikkje ein alle tiders dag for solformørking, men i alle fall i Rogaland, i Aust-Finnmark og på Finnmarksvidda kan ein få henne med seg, seier vakthavande meteorolog Johanne Ordahl i Meteorologisk institutt til NTB.
– Utover kvelden vil det bli betre i Agder, og det kan også bli moglegheit for å sjå han i ytre strøk på Austlandet. Det vil nok vere litt skyer framfor, men kanskje kan ein skimte han gjennom eit tynt skydekke. Her og der vil det sprekke opp, så nokon vil vere heldige, seier ho.
Meteorsverm same kveld
Om du går glipp av solformørkinga, kan du kanskje få med deg ein meteorsverm i staden, seier meteorologen.
Det føreset likevel at det er mørkt nok der du er.
– Det sprekk opp i skydekket i delar av Vestland, Telemark og Buskerud utover natta. Nattuglene der kan i alle fall få med seg meteorsvermen, sjølv om solformørkinga er over, seier Ordahl.
Meteorsvermen Pereidene følgjer kometen Swift Tuttle, som har gått i bane rundt jorda i tusenvis av år. Det er 30.000 år til neste gong ein meteorsverm skjer same dag som ei solformørking.
– Så det er mykje snacks i vente for dei som er der det er mindre skyer.
Mange år til neste gong
Mindre solformørkingar skjer to til fem gonger i året, ifølgje Store norske leksikon. Det er derimot 13 år til neste ringforma solformørking er synleg over Trøndelag og Nordland, den 21. juni 2039. I Sør-Noreg må ein vente heilt til 11. juni 2048, altså 22 år, før ein kan sjå ei solformørking som kan måle seg med den vi får i dag.
Neste totale solformørking i Noreg skjer først i år 2126.
Bruk vernebriller
Om du skal ut og kikke må du hugse tilstrekkeleg verneutstyr. Det blir åtvara mot å sjå direkte mot sola utan vernebriller med rett solfilter – sjølv når det meste av sola er skjult. Vanlege solbriller er ikkje nok, ifølgje ekspertane.
– For sjølv om sola blir litt formørkt, så lyser ho omtrent like sterkt. Den einaste tida ein kan sjå på ei solformørking utan briller, er akkurat når det er ei total solformørking og ho er dekt heilt, forklarer astrofysikar Maria Hammerstrøm til VG.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108593](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/APQtN-616Fk.jpg)



0 kommentarer