Framleis fare for streik ved norske flyplassar

av | 12. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Ved midnatt i kveld går meklingsfristen ut for tilsette i bakketenester på flyplassane. Dersom partane ikkje blir samde, blir det streik frå torsdag morgon.

Meklinga mellom Parat, Handel og Kontor og NHO Luftfart går inn i sin andre dag onsdag. Partane må bli samde innan midnatt i kveld, men det er også fullt mogleg at meklinga held fram på overtid.

Nesten 2000 tilsette ved norske lufthamner kan i verste fall bli tekne ut i streik, men Parat og Handel og Kontor har i første omgang teke ut 287 medlemmer.

Rammar innsjekk og boarding

Ein streik kan ramme mellom anna innsjekk, boarding, bagasjehandtering, kundeservice, catering, reingjering og påfyll av drivstoff, og vil dermed få konsekvensar for flyselskap som SAS, Norwegian og Widerøe.

Handel og Kontor har teke ut 186 medlemmer ved bakketenestene på flyplassane i Tromsø og på Gardermoen og dessutan ved Widerøes bakketenester i Florø, Ørsta, Skonseng (Mo lufthamn) og på Torp i Sandefjord.

Parat har teke ut 101 medlemmer i det første streikeuttaket sitt, men har ikkje opplyst konkret kva lufthamner som blir ramma.

Kan bli innstillingar

Øystein Schmidt, kommunikasjonssjef i SAS, opplyser til NTB at dei håpar og trur at partane vil komme fram til ei løysing. Han ønskjer ikkje å forskotere moglege konsekvensar ein eventuell streik kan få.

Også Widerøe håpar på ei løysing.

– Vi håpar at partane i forhandlingane blir samde. Ein streik er først og fremst veldig uheldig for kundane våre som vil bli ramma fordi enkelte flygingar nødvendigvis må bli kansellerte, eller det kan bli forseinkingar, seier pressesjef Eline Hyggen Skari i Widerøe til NTB.

Krevjande mekling

Partane er mellom anna usamde om lønn, tillegg for ubekvem arbeidstid og verdsetjing av kompetanse.

– Medlemmene våre står i frontlinja og møter passasjerane gjennom heile reisa, frå innsjekk og boarding til forseinkingar, kanselleringar og andre uventa hendingar. Så det er klart at ein eventuell streik vil merkast på dei flyplassane som blir tekne ut, seier forhandlingsleiar Christopher Beckham i Handel og Kontor i ei pressemelding.

Kommunikasjonsleiar Trygve Bergsland i Parat meiner at det vil bli vanskeleg å drive flyselskap viss alle blir tekne ut i streik, medan administrerande direktør Erik Lahnstein i NHO Luftfart seier til NTB at det vil bli ei krevjande mekling.

– Vårt klare håp er at vi skal lykkast med å bli samde, seier han.

(©NPK)