Klart for sjette sesong av «Forræder»

av | 11. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Om vel ei veke er det premiere på TV 2s «Forræder», som no går inn i sin sjette sesong.

Tysdag var det førpremiere på den første episoden i haust, og forutan pressekorpset var også deltakarane på plass på visinga.

Fjorårssesongen av sjåarsuksessen var den mest sette sesongen til no, og programmet fekk også Gullruten-pris i mai for «Beste konkurransedrivne reality».

Programleiar, eller rettare sagt spelmeister, er Mads Hansen, og denne sesongen er det ikkje berre deltakarane som skal finne ut kven som er forrædaren i spelet.

Dei 23 deltakarane vart kjende tidleg i juni, og blant dei mest kjende er tidlegare alpinist Kjetil André Aamodt, forfattar Unni Lindell, forfattar og podkastar Linnéa Myhre, artist Silja Nymoen, samfunnsdebattant Sanna Sarromaa, programleiar Sigurd Sollien, artist Iren Reppen, skodespelar Helén Vikstvedt og sportskommentator Marius Skjelbæk.

Første episode har premiere 21. august.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar