Av dei som står i soningskø, er det 69 personar som ventar på å få sone med elektronisk kontroll, altså fotlenke. 15 personar sit for tida i varetekt med fotlenke.
Ifølgje Kriminalomsorgas tal sat det ved utgangen av juli 3019 personar i fengsel i Noreg. Det er omtrent det same som for eit år sidan, då talet som sona ei fengselsstraff utan vilkår var 3007.
691 personar sat i varetekt, medan 29 prosent av dei innsette – 882 personar – var utanlandske statsborgarar. 5,7 prosent av innsette og domfelte var kvinner.
Tolv innsette er under 18 år, viser tala for juli. Fem av dei er domfelte, medan sju sit i varetekt. Ved utgangen av juli gjennomfører i tillegg 28 mindreårige samfunnsstraff. Éin mindreårig sat i varetekt med fotlenke.
Samtidig vart 349 straffereaksjonar påbyrja i samfunnet. Det er ein nedgang på 5 prosent frå juli i fjor. Av desse vart 191 gjennomførte med elektronisk kontroll (fotlenke), medan 87 tilfelle var samfunnsstraff.
Når det gjeld lovbrot, er 25 prosent av dei som sonar fengselsstraff, dømde for narkotikalovbrot, 23 prosent sit inne for seksuallovbrot, og 21 prosent for vald. Vinningskriminalitet utgjer 10 prosent, økonomisk kriminalitet 5 prosent og trafikklovbrot 3 prosent.
Ved utgangen av juli var fengselsbelegget 89,6 prosent. Ifølgje Kriminalomsorga er det ikkje noko mål å ha 100 prosent belegg. Dette fordi det må vere ledig kapasitet til varetektsfengslingar og tilfelle der domfelte må flyttast mellom fengsel.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108009](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/jU3f98XyndY.jpg)



0 kommentarer