9000 år gammal gravid kvinne funnen gravlagd ved Gotland

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-TT): Ei gravid kvinne som levde for om lag 9000 år sidan, er funnen gravlagd i ei grotte på ei lita øy utanfor Gotland.

Funnet er eineståande i sitt slag og ei verdshending, ifølgje arkeolog og prosjektleiar Alexander Roesen Sjöstrand. I magen til kvinna vart det funne eit foster som ifølgje forskarane var svært godt bevart.

Truleg er det snakk om eitt av dei eldste bevarte fostera i verda, opplyser Sjöstrand.

P4 Gotland, ein del av Sveriges Radio, skriv at funnet vart gjort i grotta Suder Vagnhus på Lilla Karlsö, som ligg utanfor austkysten av Sverige.

Utgravingane held fram for å finne ut meir om opphavet til kvinna og korleis ho vart gravlagd.

(©NPK)