Tingretten forlengjer varetekta med fotlenke for Marius Borg Høiby

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Oslo tingrett har vedteke at Marius Borg Høiby framleis skal haldast varetektsfengsla, men kan sitje heime på Skaugum med fotlenke.

Under fengslingsmøtet i Oslo tingrett måndag morgon bad Marius Borg Høiby om å bli sett fri mot at han må bruke omvend valdsalarm, altså at han ikkje får bevege seg i eit bestemt område som mellom anna kan omfatte Oslo.

Påtalemakta får likevel medhald i kravet sitt om vedvarande varetektsfengsling med elektronisk kontroll, såkalla fotlenke. Dei meiner det framleis er fare for nye lovbrot.

– Det er positive tendensar, men vurderinga til påtalemakta er at fire veker er eit svært kort tidsrom og det er for kort og for tidleg å konkludere med at gjentakingsfaren allereie no er redusert, sa politiadvokat Hilde Strand i retten.

(©NPK)