Dagens Nyheter: Det norske skipet i Tjörn-ulukka får kritikk etter ny inspeksjon

av | 7. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Ein ikkje varsla inspeksjon av lasteskipet Misje Verde torsdag viser brot på kviletidsreglane, ifølgje Sjøfartsdirektoratet.

Inspeksjonen vart gjennomført i hamna i Kvinesdal i Agder torsdag, opplyser kommunikasjonssjef Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til den svenske avisa Dagens Nyheter.

Bakgrunnen er at svenske styresmakter etterforskar skipet etter ulykka ved Tjörn i Sverige førre veke, og dessutan at fartøyet har fått fleire merknader under hamnekontrollar dei siste åra.

Fann brot på reglar

Under inspeksjonen torsdag vart det funne brot knytte til kviletidsreglane, arbeidsforhold om bord og organisering av arbeidet.

– Inspektørane fann også enkelte tekniske manglar som må utbetrast før skipet kan forlate hamna, seier Aarhus.

Han understrekar at dette ikkje skal ha vore problem knytte til tryggleiken på skipet.

Under ein kontroll i Noreg i januar, vart det funne ti tekniske feil. Fire av desse var så alvorlege at dei måtte utbetrast før skipet kunne segle vidare.

– Alvorleg

– Vi ser alvorleg på at det framleis er så mange funn på eit såpass nytt fartøy, seier Dag Inge Aarhus.

Administrerande direktør i reiarlaget som eig skipet, Roald Misje, seier at reiarlaget skal gå gjennom rapporten etter dei normale prosedyrane sine, og at nødvendige tiltak vil bli gjennomførte.

Tysdag 28. juli rann det norskeigde lasteskipet i senk ein fritidsbåt med eit svensk par i 40-åra og dei to barna deira om bord, ifølgje politiet og påtalemakta.

Far og son pådrog seg alvorlege skadar, men overlevde. Mor og dotter i familien vart funne døde av dykkarar på havbotnen torsdag førre veke.

Kapteinen på skipet, ein russisk mann i 50-åra, er varetektsfengsla og sikta for aktlaust drap. Den svenske losen som var om bord, er sikta for aktlaust drap og aktløyse til sjøs, men er ikkje varetektsfengsla. Begge nektar straffskuld.

(©NPK)