Ein føderal domstol i Washington konkluderte fredag med at Trump må innhente godkjenning frå kongressen av bygginga av ballsalen ved Det kvite hus, og beordra byggjestans inntil vidare.
Retten gav president Donald Trump og administrasjonen hans 14 dagar på å anke avgjerda, som ikkje tok effekt med ein gong. To dommarar stemde for å stanse bygginga, medan éin stemde mot.
Trump brukte berre nokre få timar på å kunngjere at saka blir anka til høgsterett.
Langar ut
Trump skriv i sosiale medium at dommen ikkje er rettskraftig og blir anka med ein gong.
– Militæret og Secret Service ser på denne forkastelege, politisk motiverte og ulovlege rettsavgjerda som ein nasjonal tryggingstrussel for landet vårt, skriv Trump.
Han seier komplekset, som skal få seks underjordiske etasjar, skal romme bomberom, sjukehus og militære installasjonar.
Trump skriv også at heile anlegget er ei gåve frå seg sjølv og «flotte amerikanske patriotar», og at bygginga ligg føre tidsskjemaet og under budsjett. Han seier ingen skattepengar skal gå til bygginga.
– Denne urettferdige avgjerda må gjerast om av høgsterett i sin heilskap, avsluttar han.
Må godkjennast
Éin av dommarane, Richard Leon, slo fast at inga føderal lov «kjem i nærleiken» av å gi presidenten den nødvendige fullmakta til å byggje ballsalen utan å få godkjenning frå kongressen.
Planen om å rive austfløya til Det kvite hus for å byggje ein ballsal har vorte kraftig kritisert frå fleire hald sidan prosjektet vart kjent. Politikarar frå Det demokratiske partiet uttrykte motstanden sin frå start, og den ideelle organisasjonen National Trust for Historic Preservation valde å saksøkje Trump-administrasjonen kort tid etter at bygginga starta.
Trump-administrasjonen har også tidlegare argumentert for at ballsalen er nødvendig, ikkje berre for å kunne halde store formelle arrangement, men også for å vareta tryggleiken i Det kvite hus.
Høg rekning
Prosjektet vart kunngjort i juli 2025 og vart først estimert til å koste 200 millionar dollar. Trump sa då at private donorar og selskap ville ta rekninga. Sidan har prislappen auka fleire gonger.
Trump-administrasjonen held fast på at prisen blir på rundt 400 millionar dollar. Men ifølgje entreprenøren som leier arbeidet, Clark Construction, ligg det siste anslaget på 600 millionar dollar. Det svarer til rundt 5,7 milliardar kroner.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #107127](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/RUMiuc7DsX4.jpg)



0 kommentarer