– Kommunane kjem ikkje til å blø eit øre. Vi kjem til å finansiere dette sjølv, seier D.D.E.-vokalist Bjarne Brøndbo til Moss Avis.
Bandet bad om 10.000 kroner frå kvar av kommunane som E6 går gjennom, frå Svinesund til Bodø. Det vil i så fall bety 45 kommunar.
– Vi er eigentleg i ferd med å reversere det offentlege bidraget. Vi har sett at vi har eksistert i 34 år som D.D.E., stort sett utan offentlege bidrag. Vi har klart oss på vanlege kommersielle midlar, opplyser Brøndbo.
Pengane skulle finansiere produksjon av lyd, video og dronebilete, med ein berekna totalkostnad på omtrent 800.000 kroner.
– Vi har lyst til å gjere stas på E6 og folka som lever sitt liv med og rundt denne viktige hovudgjennomfartsåra, skreiv Bjarne Brøndbo i ein e-post til kommunane.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106967](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/IFeeI7Vq01g.jpg)



0 kommentarer