Forfattar Anne Sverdrup-Thygeson inn i regjeringsutval – skal bremse nedbygging av natur

av | 7. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Forfattar og professor Anne Sverdrup-Thygeson er blant medlemmene i det nye utvalet for arealnøytralitet. Utvalet skal leiast av tidlegare sjeføkonom i NHO, Øystein Dørum.

– Naturen vår er under press, og kvart år blir det bygd ned natur tilsvarande 5000 fotballbanar i Noreg, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i ei pressemelding.

Fredag set han ned eit utval som skal sjå på korleis naturen som blir bygd ned, kan erstattast, og korleis eit prinsipp om arealnøytralitet kan fungere i praksis.

– Arealnøytralitet betyr enkelt forklart at natur som blir bygd ned, må reparerast ein annan stad, skriv Klima- og miljødepartementet.

Miljøministeren påpeikar at det allereie er sett av store naturområde til nedbygging. Ifølgje Klima- og miljødepartementet er det planlagt utbygging på til saman 4000 kvadratkilometer, og mesteparten er natur.

– Skal vi klare å ta betre vare på norsk natur, må vi stanse bit-for-bit-nedbygginga og sørgje for at vi i sum ikkje byggjer ned meir natur enn vi restaurerer, seier Bjelland Eriksen.

– Nordmenn har i alle år levd av og med naturen. Eg meiner vi må tenkje meir heilskapleg om norsk natur slik at vi kan halde fram med å nyte godt av den både no og i framtida.

Utvalet består av ekspertar frå heile landet med kunnskap om kommunar, næringsliv, naturen, juss og samfunnsøkonomi.

Her er alle medlemmene:

Øystein Dørum

Ingunn Elise Myklebust

Christian Steel

Sigrid Simensen Ilsøy

Atle Simonsen

Anne Sverdrup-Thygeson

Mari Elina Hakala

Trond Simensen

Ståle Navrud

Geir Harald Strand

Utvalet skal levere rapporten sin innan utgangen av 2027.

(©NPK)