Carney sa at Canada framleis deltek i forhandlingane trass i utsegnene til Trump, og skildra samtalane som ein kamp for å verne canadiske arbeidarar og bedrifter.
Han stadfesta at canadiske forhandlarar var i Washington denne veka, og at han forventar vidare samtalar med Trump.
– Dette er tøffe forhandlingar, ein kan godt seie stygge. Men det handlar om canadiske arbeidsplassar. Det handlar om framtida til canadiske bedrifter, sa statsministeren.
Lo av Trumps sleivspark
Trump kritiserte igjen Canada i ein tale i Las Vegas onsdag.
– Eg elskar folket, men dei er ekle. Ekkel leiing, sa den amerikanske presidenten.
Statsminister Carney lo då han fekk spørsmål torsdag om skildringa til Trump av canadiarane.
USA har allereie innført toll på canadisk stål, aluminium og bilar. Trump har trua med å innføre 50 prosent toll på ei rekke andre canadiske varer frå 19. august.
Trumps tolltruslar og gjentekne påstandar om at Canada burde bli den 51. amerikanske delstaten har provosert canadiarane og fått mange til å avlyse reiser til USA og boikotte amerikanske produkt.
– Ikkje ein god situasjon
Carney opplyste at eksisterande amerikansk toll mellom anna har resultert i at prisen på aluminium i USA har auka med 58 prosent.
– Det er ikkje ein god situasjon for amerikanske bedrifter, sa Carney.
USAs handelsrepresentant Jamieson Greer hevdar at Canada og Kina er dei einaste to landa som har svart på Trumps toll med mottiltak, og trekte mellom anna fram restriksjonar på sal av amerikansk vin og whiskey i mange canadiske provinsar. Canadiske styresmakter seier at mottiltaka deira var eit svar på USAs nye toll.
Dei siste utsegnene kom etter månader med eskalerande spenning mellom dei to statsleiarane. På World Economic Forum i Davos i Sveits i januar kritiserte Carney stormakter for å bruke økonomisk tvang mot mindre land, noko som fekk Trump til å svare:
– Canada eksisterer på grunn av USA. Hugs det, Mark, neste gong du kjem med utsegnene dine.
Canada er ein av USAs viktigaste handelspartnarar, og USAs tiltak mot Canada truar med å presse prisane høgare for amerikanske forbrukarar på eit tidspunkt då dei allereie er frustrerte over høge levekostnader i forkant av mellomvalet 3. november.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106905](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/zcrkLWd02MU.jpg)



0 kommentarer