Fredrik Solvang startar podkast – skal heite Duellen

av | 7. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Etter mange år som programleiar for NRKs Debatten lanserer Fredrik Solvang eigen podkast.

Podkasten, som får namnet Duellen, vil ta utgangspunkt i spørsmåla som pregar Noreg i dag, og menneska som formar samfunnsdebatten, heiter det i ei pressemelding frå Podimo.

– Etter mange år med direktesendt TV har eg lyst til å utfordre meg sjølv i eit nytt format. Podkast gir rom for andre typar samtalar og ein annan dynamikk enn TV, og det var ei moglegheit eg hadde lyst til å utforske, seier Solvang.

Podkasten har premiere på podkast- og lydbokplattforma Podimo til hausten. Mykje av innhaldet frå plattforma krev betalt abonnement.

Solvang kunngjorde i fjor at han gav seg som programleiar for Debatten i NRK. Politisk journalist Steinar Suvatne tek over denne hausten.

(©NPK)