Det melder tyske medium torsdag ifølgje Reuters.
Seint tysdag kveld måtte eit DHL-fraktfly avbryte landinga ved flyplassen Leipzig/Halle etter å ha treft eit ukjent objekt 400 meter over bakken. Det landa i staden i Hannover med synlege skadar.
Det er ikkje fastslått at flyet kolliderte med ein drone, men ein drone lasta med sprengstoff vart funnen på flyplassen Leipzig/Halle rett ved fire ukrainske transportfly.
Dronen hadde ei eksplosiv innretning med detonator, men ingen eksplosjon skjedde fordi detonatoren var defekt. Saka blir etterforska av tysk politi med hjelp frå Nato.
Leipzig/Halle lufthamn speler ei nøkkelrolle i frakt av militært materiell for både det tyske militæret og Nato, og fungerer også som base for det ukrainske fraktselskapet Antonov Airlines.
Tysklands innanriksminister Alexander Dobrindt skildra onsdag kveld dronen som eit «hybrid angrepsscenario» og eit «nytt farenivå».
Dobrindt seier styresmaktene etterforskar «i alle retningar», men understrekar at hendinga ikkje ser ut til å vere utført av amatørar. Tyske styresmakter har ikkje peika på nokon, men fleire meiner Russland står bak dronen.
Russiske styresmakter har ikkje kommentert saka.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106668](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/6eaJzqRJxpw.jpg)


0 kommentarer