Ebola-smittetal i Kongo nærmar seg 4000

av | 6. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Reuters): 3973 personar er no registrerte smitta av ebola i Kongo. Av desse har 1801 døydd, seier styresmaktene i landet.

Ved førre oppdatering tysdag var 3802 personar registrerte smitta, av desse er 1707 døde.

Ebola-utbrotet i Kongo er i hovudsak konsentrert i den avsidesliggjande Ituri-provinsen aust i landet. Nesten 90 prosent av tilfella er registrerte der, men det er også stadfesta tilfelle i fem andre provinsar, blant dei i ein av dei største byane i landet, Kisangani.

Ebola-utbrotet er knytt til virusvarianten bundibugyo, som har ei dødelegheit på mellom 30 og 50 prosent. I motsetning til den vanlegare zaire-varianten av viruset, som låg bak 2018-2020-utbrotet, finst det inga godkjend vaksine eller behandling mot bundibugyo-varianten.

Berre ebola-utbrotet i Vest-Afrika i 2014-2016 er større enn utbrotet i Kongo. Den gongen vart det registrert totalt 28.616 smitta og 11.310 dødsfall i Guinea, Liberia og Sierra Leone, ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO).

(©NPK)