(Selma Elise Ekre Leinebø-NTB-NPK) Ei 47 år gammal kvinne er pågripen etter at fire menn vart påførte stikkskadar i Covent Garden i London. Britisk politi meiner hendinga er knytt til psykiatri.
Dei fire offera er 34, 39, 42 og 52 år gamle og vart funne med stikkskadar på staden, opplyser politiet, ifølgje Sky News. Dei er sende til sjukehus, men tilstanden er ikkje kjend.
Kvinna som er pågripen, er mistenkt for overfall og innehaving av våpen. Politiet har beslaglagt ei saks på staden.
Hendinga fann stad i Endell Street like før klokka 12.30 onsdag.
Bydelsavdelinga Camden i Metropolitan Police seier at sjølv om etterforskinga er på eit tidleg stadium, ser det ut til at hendinga er knytt til psykiatri.
Covent Garden er eit område i Westminister i det sentrale London. Handel og folkeliv har gjort det til eit populært turistmål.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106341](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/VejANiawrQw.jpg)



0 kommentarer