NRK: Statsforvaltaren i Innlandet stansar ulvejakt

av | 5. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Statsforvaltaren i Innlandet stansar ulvejakta i Stor-Elvdal, Rendalen og Ringebu kommunar etter klager frå tre dyrevernorganisasjonar.

Det vart gitt løyve til ulvejakt etter at det vart sett ulv på rovviltkamera. Det er no funne ein død sau som er teken av ulv i området, og prøver frå denne er sende til analyse, skriv NRK.

Seniorrådgivar Ståle Sørensen hos Statsforvaltaren seier det var ei vanskeleg avgjerd å gi fellingsløyve i utgangspunktet, men dei valde å seie ja av frykt for at det raskt kunne bli ein svært alvorleg skadesituasjon.

Fredag vil Statsforvaltaren avgjere om jakta eventuelt kan takast opp att, seier Sørensen.

(©NPK)