Noreg gav støtte til Spania under EU-møtet

av | 4. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen uttrykte støtte til Spania for handteringa av migrantkrisa i Ceuta nyleg.

Noreg deltok under EUs uformelle justis- og innanriksministermøte om situasjonen i Ceuta tysdag. Spania gjorde greie for utviklinga og tiltaka som er sett inn for å halde oppe kontrollen ved Schengenområdets yttergrense.

Under møtet uttrykte Aas-Hansen støtte til Spania og anerkjende måten landet har handtert situasjonen på. Ho understreka kor viktig det er å finne ut av kva som førte til massevandringa, for å setje Europa betre i stand til å hindre at liknande skjer igjen.

– Vi skal ha kontroll på grensene. Ap-regjeringa er tydeleg på at vi skal vite kven som kjem, og landa skal returnere dei som oppheld seg ulovleg. Sterk yttergrensekontroll er avgjerande for eit kontrollert og velfungerande asyl- og innvandringssystem, seier Aas-Hansen.

– Vi fekk opplyst at ingen har høve til å ta seg vidare til Fastlands-Europa. Samtidig er det ein tragedie at over 70 menneske er døde, seier justis- og beredskapsministeren i ei pressemelding.

– Vi kan ikkje la splittande krefter bruke denne situasjonen til å skape uvisse mellom landa i Europa. Dette er ei tid for samhald, ikkje splitting. Noreg står klar til innsats dersom det er behov, legg Aas-Hansen til.

(©NPK)