– Angrepa er eit mektig svar på forsøket på angrep frå Iran mot amerikanske styrkar i Midtausten i går, heiter det i meldinga.
Angrepa starta klokka 2 norsk tid. To timar seinare var angrepa over.
Tung bombing
Centcom melder om tung bombing retta mot mellom anna kommandosenter, rakett- og dronelager og overvakingsutstyr langs kysten.
Det er meldt om eksplosjonar fleire stader sør i Iran. Tre personar er drepne i angrep mot øya Qeshm i Hormuzsundet, ifølgje statlege iranske medium.
Angrepet skal ha treft ein bustad og teke livet av eit foreldrepar og eit to år gammalt barn, melder det halvoffisielle iranske nyheitsbyrået Fars, som står Revolusjonsgarden nær.
Det er også meldt om eksplosjonar mellom anna i Khuzestan-provinsen nordvest i landet og angrep mot Bushehr.
Trump lova å slå tilbake
Angrepa kom få timar etter at USAs president Donald Trump lova å slå hardt tilbake mot Iran. Natt til onsdag skulda USA Iran for å ha skote rakettar mot amerikanske basar i Midtausten. Rakettane vart avskorne og forårsaka ingen skadar, ifølgje Centcom.
Same natt vart minst 20 drepne i eit koordinert angrep frå USA og Saudi-Arabia mot iranske militsgrupper i Irak. Militsgruppene utførte ifølgje USA og Saudi-Arabia droneangrep mot saudiarabiske oljeanlegg på ordre frå den iranske Revolusjonsgarden.
Før desse angrepa hadde det vore ro i landa rundt Persiabukta i fleire dagar. Fredag førre veke stansa Trump angrepa mellombels, slik at meklarar frå Oman kunne prøve å få til forhandlingar.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #104214](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/cj2YGE-UMpY.jpg)


0 kommentarer