Det viser den ferske årsrekneskapen frå Turn Up AS, som Astrid Smeplass (29) eig i sin heilskap, skriv VG.
Inntektene i selskapet auka frå 8,7 millionar i 2024 til 17,2 millionar i 2025. Kostnadene auka derimot ikkje i takt med inntektene, og popstjerna sat igjen med eit overskot på 5,34 millionar kroner etter skatt, melder avisa.
Til samanlikning gjekk Turn Up AS med berre 311 000 kroner i overskot året før. 2025 baud på fleire milepælar for Astrid S: Brot med plateselskapet Universal, deltaking i «Hver gang vi møtes» på TV og auke i strøymetal etter TV-serien, konsert i Oslo Spektrum og stor suksess med ein eigen versjon av «Ja, vi elsker».
Turn Up AS hadde ti millionar kroner i bankinnskot og kontantar ved utgangen av 2025. Selskapet oppgir å ha eitt årsverk, med totale lønnskostnader på 982.000 kroner. Astrid S tok ut éin million i tilleggsutbytte frå selskapet, der ho er både dagleg leiar og styreleiar.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #103186](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/sWZuSyxGdI0.jpg)



0 kommentarer