(Maria Möhring-NTB-NPK) Nødetatane rykte ut etter melding om at ein person skal ha vorte knivstukken i Øvre Eiker i Buskerud.
– Vedkommande skal vere knivstukken i halsregionen og i ein arm, skriv operasjonsleiar Ståle Olstad Fuglaas i politiloggen.
Skadeomfanget er ikkje avklart, ifølgje politiet. Dei fekk melding om hendinga klokka 20.10 fredag kveld.
(©NPK)



0 kommentarer