50.000 jegerar på veg til hjortejakt – blir oppmoda til å sjekke regelverket

av | 1. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): I desse dagar gjer mange jegerar seg klare til hjortejakt. Eit nytt regelverk gjer at Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) oppmodar jegerar til å sjekke kva som er lov der dei skal jakte.

Tysdag startar hjortejakta, og dersom tala blir som førre sesong, vil over 50.000 nordmenn delta i jakta i år.

Sidan sist har ein ny viltressurslov tredd i kraft. Hovudregelen er at det ikkje er lov med termiske og restlysforsterkande siktemiddel på hjortejakt – men kommunar kan tillate bruk i ope terreng gjennom lokal forskrift.

Dermed kan kva som er lov endre seg over kommunegrensa.

– Den klare oppmodinga vår til hjortejegerane er at dei må sjekke nøye kva som er lov i kvar enkelt kommune dei planlegg å jakte i, seier informasjonssjef i NJFF, Line Lillebø Osfoss, i ei pressemelding.

Ho seier at sidan reglane kan variere frå kommune til kommune, går dei ut med oppmodinga slik at forhåpentleg ingen jegerar uforvarande bryt reglane.

Jakttida for hjort varer fram til 23. desember.

(©NPK)