(NPK-NTB): Eiffeltårnet, Paris’ mest kjende og besøkte turistattraksjon, gjenopnar tysdag etter ein protestaksjon blant dei tilsette.
Striden gjaldt ein førespurnad frå ein religiøs hindu-delegasjon som hadde bede om at besøket i tårnet skulle skje «utan interaksjon med kvinner».
Dei tilsette reagerte kraftig mot pålegget frå leiinga om at kvinner skulle bytast ut med mannlege kollegaer under besøket og elles halde seg usynlege og unngå spesifikke område.
Hindu-organisasjonen The Bochasanwasi Akshar Purushottam Swaminarayan Sanstha (BAPS) har seinare beklaga førespurnaden sin.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #117934 Kokzqvqyqf0](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/KOkzQvqYQF0.jpg)



0 kommentarer