Jubeltal for fjellreven – største kullet sidan 2018

av | 8. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Fem store kull har gitt 42 fjellrevkvalpar på avlsstasjonen på Sæterfjellet i Oppdal i sommar. Det er det høgaste talet på åtte år.

Etter fleire år med mindre kull har trenden snudd. Ein ny vaksine får æra for det store kullet.

Den vernar mot valpesjuke, parvovirus, smittsam leverbetennelse og parainfluensa, skriv Norsk institutt for naturforsking (Nina) i ei pressemelding.

– No er vi sikre på at sjukdom er ei av hovudårsakene til problema. Då er det viktig å vaksinere tispene, slik at dei opprettheld eit godt immunforsvar. Då overfører dei antistoffa som vernar dei nyfødde kvalpane mot sjukdom, fortel Nina-veterinær Marianne Waldum Furnes.

Målet for avlsstasjonen er å fostre robuste kvalpar som held seg friske og sterke fram til dei blir sette ut i naturen. Det skjer som regel når kvalpane er sju til åtte månader gamle.

Avlsstasjonen hentar også inn viltfødde fjellrevar for å auke det genetiske mangfaldet i kvart kull.

– Vi forventa ikkje at alle dei åtte para skulle få kvalpar i år, sidan tre av para er nye. For å styrkje det genetiske mangfaldet har vi henta revar fødde i det fri, og det tek litt tid for dei å finne seg til rette. Totalt sett er vi veldig fornøgde, seier forskar Kristine Ulvund i Nina.

(©NPK)