Krise i båtbransjen: – Meir utfordrande enn nokon gong

av | 8. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Inntektene til dei seks største norske båtbyggjarane halverte seg mellom 2022 og 2025, viser ei oversikt frå Dagens Næringsliv.

– Vi har ikkje tal for heile bransjen, men det er meir utfordrande enn nokon gong. Det er til og med tøffare enn under finanskrisa, seier Henrik Askvik til avisa.

Han var styreleiar og største eigar i Askeladden, som kravde seg konkurs 1. september.

Selskapet fall frå ei inntekt på 337 millionar kroner i 2022 til 52 millionar kroner i 2025. For dei seks største merka er inntektsfallet samla på 771 millionar kroner i same periode.

Dei seks som inngår i DNs kartlegging, er Frydenbø Boats (med merka Nordkapp og Sting), Askeladden, Ibiza Boats, Goldfish Boat, Cormate og Viknes Båt og Service.

Bransjen peikar på lågare sal som grunnen.

– Det handlar nok primært om pengar. Medan politikarane meiner landet vårt går så det susar, er mange forbrukarar fortvilte over ein stadig tøffare økonomisk situasjon, seier dagleg leiar Thomas Nicolai Bjønnes i båtbransjeforbundet Norboat.

(©NPK)