Gjerdet vart innvigd måndag av Finlands innanriksminister Mari Rantanen ved grensestasjonen i Nuijamaa søraust i landet.
Finland grunngir bygginga med at det er eit viktig tiltak for å verne landet mot russiske påverknadskampanjar der Moskva sender migrantar til grensa.
– Dette er ein del av grensekontrollen vår og hjelper oss med overvaking, men også med å halde folk borte frå finsk territorium om det blir nødvendig, seier Rantanen.
Gjerdet dekkjer likevel berre ein del av den 1300 kilometer lange grensa.
I desember 2023 stengde Finland grensa mot Russland etter at hundrevis av migrantar hadde kryssa grensa mellom landa – noko Finland betrakta som eit russisk forsøk på eit hybridangrep.
Finlands landsgrenseovergangar mot Russland vil halde fram med å vere stengt «inntil vidare».
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #117676 Tck4 y0tw80](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/tCk4_y0Tw80.jpg)



0 kommentarer