(NPK-NTB): Det saudiarabiske oljeselskapet Delta International Company har inngått avtale med Taliban-regimet i Afghanistan om utvinning av olje og gass i landet.
Avtalen som vart underteikna måndag, har ein anteken verdi på 200 millionar dollar, opplyser det saudiarabiske selskapet.
Ifølgje ein talsmann for det afghanske olje- og gruvedepartementet, Homayoun Afghan, er det snakk om ein 25 år lang kontrakt.
Kontrakten inkluderer ein åtte år lang leiteperiode og gjeld eit 22.000 kvadratkilometer stort område vest i landet.
– Vi håpar at dette vil skape arbeidsplassar og bidra til Afghanistans økonomiske vekst, seier Afghan.
USAs tidlegare spesialutsending til Afghanistan, Zalmay Khalilzad, var til stades under den TV-overførte seremonien der kontrakten vart underteikna i Kabul. Kva rolle han speler, er ikkje kjent.
Taliban kom til makta i Kabul i august 2021, men Russland er hittil åleine om å anerkjenne islamistrørsla som dei rettmessige leiarane i landet.
(©NPK)



0 kommentarer