(NPK-NTB): Ein rekordvarm sommar og tørke vil føre til historisk låg vinproduksjon i Frankrike i år.
Ifølgje det franske landbruksdepartementet vil det i år truleg bli produsert 3,4 milliardar liter vin, og det er ein nedgang på 6 prosent frå i fjor.
Vinhausten blir i så fall den dårlegaste på rundt 70 år, konstaterer departementet.
Ekstreme hetebølgjer og tørke får skulda for problema til vinbøndene.
Ifølgje Den internasjonale organisasjonen for vin og druer (OIV) var også fjoråret eit elendig år for franske vinbønder, det dårlegaste sidan 1957.
Frankrike er verdas nest største vinprodusent, etter Italia.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #117648 Oshh3s n ly](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/osHH3s_n_LY.jpg)



0 kommentarer