Mann knivstukken i Askøy

av | 3. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB) Ein mann i 40-åra ringde til AMK-sentralen og fortalde at han hadde vorte knivstukken i Askøy torsdag. Både offeret og den mistenkte gjerningspersonen var blodige, men oppegåande då politiet kom fram.

Politiet fekk beskjed om at den mistenkte, ein mann i 30-åra, var der offeret, ein mann i 40-åra, var.

– Politiet rykte ut til den aktuelle leilegheita saman med ambulanse. Vi fekk etter kort tid kontroll på dei to nemnde involverte. Det vart konstatert at begge var noko blodige og oppegåande, med mindre kuttskadar på kroppen, skriv operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt på politiloggen.

Han opplyser at begge blir sett til av helsepersonell på staden.

– Det er svært uklart kva som har skjedd. Politiet gjennomfører undersøkingar på staden. Begge dei involverte er kjende for politiet frå før, skriv Kolltveit.

Hendinga skjedde i Florvåg i Askøy kommune.

(©NPK)