På grunn av ein akutt rosemangel har Landbruksdirektoratet fjerna tollen på roser fram til 8. september, skriv Nationen.
Årsaka til mangelen er ein delvis streik på hovudflyplassen i Nairobi, Jomo Kenyatta internasjonale lufthamn, forklarer administrerande direktør i Meister Grønn, Erling Ølstad til avisa.
Rosene på den norske marknaden blir stort sett importerte frå det afrikanske kontinentet, skriv avisa vidare.
Ettersom det no er forseinkingar i forsyningslinja på grunn av den delvise streiken, er løysinga å importera roser frå den europeiske auksjonsmarknaden i Nederland.
Eit mellombels fritak i tollen gjer denne kriseløysinga meir økonomisk akseptabel for importørane.
Ifølgje Nationen er etterspurnaden etter blomstrar stor som følgje av kong Haralds død og gravferda 9. september.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116239 Cuaeszkncus](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/cuAesZkncus.jpg)



0 kommentarer