Undersøkinga omfattar rundt 21.000 internettbrukande barn mellom 12 og 17 år. Eitt av fem barn oppgav å ha vorte utsett for minst éi form for seksuell utnytting eller overgrep digitalt.
Meir enn 15 millionar vart eksponerte for uønskt seksuelt innhald, medan rundt 9 millionar vart bedne om å delta i seksuelle samtalar eller dele bilete mot sin vilje. Seksuelle bilete av rundt 4 millionar barn vart delte utan samtykke.
Nesten 60 prosent av tilfella skjedde på sosiale medium som Facebook, Instagram, Snapchat, TikTok og WhatsApp. 14 prosent til skjedde i nettspel.
I 57 prosent av tilfella var overgriparen nokon barnet kjende frå før. Samtidig hadde 38 prosent først fått kontakt med personen på nettet. Meir enn 40 prosent fortalde aldri nokon om det dei hadde opplevd, og mindre enn 1 prosent av sakene vart melde til politi, sosialtenester eller hjelpelinjer.
Noreg er ikkje blant landa i undersøkinga. Men Unicef Norge viser til Kripos-tal som tyder på at norske barn og unge står overfor mykje av den same risikoen.
– Vi veit at sosiale medium fyller mange timar av livet til barn og unge kvar dag, også her i Noreg. Ifølgje Kripos blir dei digitale overgrepa stadig meir valdelege og brukte som økonomisk pressmiddel. Og stadig fleire yngre blir råka, seier generalsekretær Maria Greenberg Bergheim i Unicef Norge.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116150 S0ijnetz0qm](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/s0iJnETz0qM.jpg)



0 kommentarer