Dansk etterretning: Russland har konkrete planar for sabotasje i Danmark

av | 3. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Ritzau): Politiets Efterretningstjeneste (PET) har avslørt konkrete, russiske sabotasjeplanar mot dansk forsvarsindustri, melder Berlingske.

Russiske tryggingstenester «førebur aktivt sabotasjehandlingar retta mot forsvarsindustrien i Danmark», opplyser sjef for kontraspionasje Emil Græsholm i den danske etterretningstenesta i eit intervju med avisa.

– Stader og førebuingar er så konkrete at vi ser det som nødvendig å opplyse om at det er ein trussel ein må ta på alvor, seier han.

Han nemner brannstifting som ein mogleg russisk taktikk. Verksemder med tilknyting til Danmark sin militære hjelp til Ukraina skal vere særlege mål.

Ifølgje etterretningssjefen skal dei russiske planane vere «konkrete nok til at vi blir bekymra».

Eksempelvis skal russiske tryggingstenester ha prøvd å rekruttere «heilt alminnelege danskar» til å utføre oppdrag for Russland.

(©NPK)