Konkurransetilsynet: For svak konkurranse mellom bensinstasjonane

av | 3. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Bensinstasjonane samordnar i praksis prisaukane ved å følgje med på kvarandre, meiner Konkurransetilsynet.

– Konkurransen er for svak, seier seniorrådgivar Stig Torje Bjugn i Konkurransetilsynet til Klassekampen.

Tilsynet har lenge følgt drivstoffmarknaden og arbeider med ein analyse som snart skal vere ferdig. Konklusjonen er enno ikkje klar, men tilsynet meiner bensinstasjonane gjennomfører koordinerte prisaukar ved at dei følgjer prisane til kvarandre og dermed opptrer kollektivt.

Prisane gjer typisk eit hopp éin til to gonger i veka, før stasjonane følgjer kvarandre ned igjen.

– Dei tek ut høge marginar delar av veka, seier Bjugn.

Prissamarbeid er ulovleg dersom det er avtalt. Konkurransetilsynet meiner likevel at dei store bensinstasjonkjedene har etablert ei taus samordning av prisaukane.

Han ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt med tiltak for å styrkje konkurransen, men understrekar at dei må greiast ut grundig.

Administrerande direktør Kristin Bremer Nebben i Drivkraft Norge avviser kritikken.

– Dette overraskar meg. Konkurransetilsynet følgjer næringa tett. Vi har ikkje fått slike indikasjonar frå dei. Dei får komme til oss. Det er tvert imot sterk konkurranse i marknaden, seier ho.

(©NPK)