Onsdag landa han på Gardermoen, følgd av belgisk politi. Her vart han pågripen av norsk politi, skriv TV 2.
Lindén vart i Oslo tingrett i 2020 dømd til tvunge psykisk helsevern etter drapet på Heikki Bjørklund Paltto (23) på Majorstua i Oslo i 2018. Etter dommen skulle han utleverast til Belgia for rettssak og deretter returnerast til Noreg for behandling. Utleveringa vart likevel først gjennomført i 2022, og prosessen drog ut i tid.
I april i år vart han i Belgia dømd til livstids fengsel for drapet på 58 år gamle Johanna Jostameling, som vart drepen med 40 knivstikk i sin eigen heim i byen Mechelen.
No, nærare eit halvt år seinare, er han tilbake i Noreg.
– Han vil bli kravd fengsla, men vi har intensjon om å få han overført til psykisk behandling så fort som mogleg. Det vil også bli utnemnt nye sakkunnige som skal vurdere han, før det truleg om eit par månader vil bli gjennomført ein ny rettsrunde for å avgjere om dommen på tvungen psykisk helsevern skal oppretthaldast, seier politiadvokat Christian Hatlo til Åsted Noreg på TV 2.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115985](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/IqdHUtMQydI.jpg)



0 kommentarer