Uber sparkar 10 prosent av dei tilsette verda over

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Den amerikanske skysstenesta Uber seier opp 10 prosent av dei tilsette som følgje av ei «betydeleg organisatorisk omstrukturering».

Det opplyser administrerande direktør Dara Khosrowshahi i ei intern melding onsdag ifølgje nyheitsbyrået AFP. Uber har 34 000 tilsette globalt og drift i over 70 land, ifølgje det amerikanske finanstilsynet (SEC).

– I dag vil vi gjennomføre ei stor organisatorisk omstrukturering i Uber. Som resultat av det vil vi redusere storleiken på staben med om lag 10 prosent, heitte det i meldinga til dei tilsette.

Ifølgje Khosrowshahi skal omlegginga gjere plattforma «enklare og raskare».

Sidan skysstenesta vart grunnlagd i 2009, har drifta spreidd seg til store delar av verda og inkluderer no også matleveringstenesta Uber Eats.

Uber-sjåførar er ikkje tilsette i selskapet, men arbeider på oppdragskontraktar som sjølvstendig næringsdrivande og bruker eigne køyretøy.

Godtgjersla som Uber-sjåfør varierer mykje frå land til land, og mange har uttrykt misnøye med betalinga frå skyssgiganten.

Uber kunngjorde også at dei vil stenge all drift i Nigeria og Uganda på dagen onsdag. Tidlegare i år trekte selskapet seg ut av Tanzania.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar