Karl Johans gate blir sperra av dagen før kong Haralds gravferd

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Delar av Karl Johans gate i Oslo blir sperra av frå tysdag ettermiddag til onsdag kveld på grunn av kong Haralds gravferd.– Sperreområdet rundt ruta for gravferda er frå klokka 18 tysdag 8. september, seier innsatsleiaren frå politiet, Tomm Berger, til Nettavisen. Dette påverkar butikkar og serveringsstader i Oslos
(NPK-NTB): Delar av Karl Johans gate i Oslo blir sperra av frå tysdag ettermiddag til onsdag kveld på grunn av kong Haralds gravferd.

– Sperreområdet rundt ruta for gravferda er frå klokka 18 tysdag 8. september, seier innsatsleiaren frå politiet, Tomm Berger, til Nettavisen.

Dette påverkar butikkar og serveringsstader i Oslos hovudgate.

– Vi har fått vite at det ikkje blir lagt opp til at nokre verksemder må halde stengt, men at det vil vere umogleg å få gjennomført varelevering innanfor sperreområdet frå klokka 18 tysdag 8. september til onsdag klokka 21, skriv Mads Dokka Blybakken, fagsjef for næringspolitikk i Oslo Handelsstands Forening, til Nettavisen.

Kor stort område som blir sperra av, er ikkje avklart, opplyser han vidare.

Kong Harald blir gravlagd 9. september. Seremonien startar klokka 13 i Oslo domkyrkje.

Ein prosesjon med kong Haralds båre, kongefamilien og andre gjester skal gå nedover Karl Johans gate, frå Slottet til Oslo domkyrkje.

(©NPK)