Senterpartiet ber om «borgfred»-møte

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Senterpartiet har invitert dei andre partia på Stortinget til eit møte om korleis den såkalla «borgfreden» knytt til kong Haralds bortgang skal forståast.

Det seier Senterpartiets generalsekretær Ole André Myhrvold til Nettavisen.

– Dei siste dagane har vi sett ulike forståingar og praktisering av korleis politiske parti skal kommunisere under sørgjeperioden. Senterpartiet meiner at vi kjem langt med å bruke sunn fornuft i mediefråsegner og debattar, og at det ikkje tener noko formål at store delar av det offentlege ordskiftet skal regulerast og delvis stanse under sørgjeperioden, skriv Myhrvold i ein e-post til Nettavisen.

– Vi har derfor invitert dei andre partia til eit møte om dette i morgon tidleg, skriv Myhrvold i ein e-post til Nettavisen.

(©NPK)