Tyskland meiner Russland stod bak droneangrep på flyplass – stenger russisk konsulat

av | 1. september 2026 | 0 kommentarer

Den tyske regjeringa meiner Russland stod bak eit droneangrep mot Leipzig/Halle-flyplassen førre månad. Det russiske konsulatet i Bonn blir no stengt.

– Russland var involvert i droneangrepet mot Leipzig/Halle-flyplassen førre månad, sa Tysklands innanriksminister Alexander Dobrindt på ein pressekonferanse tysdag.

Dronen vart funnen nær eit ukrainsk lastefly i august i Leipzig. Flyet vart brukt til frakt av militære forsyningar, og flyplassen vart mellombels stengd som følgje av hendinga. Flyplassen blir brukt som base av Nato og selskapet Antonov.

– Angrepet i Leipzig er eitt av Russlands hybride angrep i Europa, seier Dobrindt.

Tyske styresmakter reknar med at ei russisk etterretningsteneste stod bak, ifølgje avisene Der Spiegel og Bild.

25. august uttalte forbundskanslar Friedrich Merz at gjerningspersonane skal «betale prisen» for angrepsforsøket.

EU og Nato-sjefane møtest.

Leiaren for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, seier ho skal diskutere droneangrepet med Natos generalsekretær Mark Rutte onsdag.

Von der Leyen seier ho lovar full solidaritet med Tyskland og legg til at EUs utanriksministrar skal førebu eit svar mot Russland på sitt neste utanriksministermøte.

– Nato står i full solidaritet med Tyskland etter det russiske hybridangrepet i Leipzig 14. august, skriv Mark Rutte på X.

Han understrekar at Nato skal halde fram med å styrkje evna til å avskrekke og forsvare forbundsfellane sine mot alle truslar etter hendinga i Leipzig.

Beordrar nedstenging av konsulat.

Tysklands utanriksminister Johann Wadephul følgjer opp skuldingane ved å beordre stenging av det russiske konsulatet i Bonn.

– Vi beordrar at Russland stenger konsulatet i Bonn og Det russiske huset i Berlin, seier Wadephul.

Det russiske huset er eit russisk kulturhus lokalisert i gata Friedrichstraße i Berlin.

Vidare seier han at angrepet er det siste i ei lang rekke angrep med mål om å destabilisere Europa, og at han har kalla Russlands ambassadør til Tyskland inn på teppet.

(©NPK)