Eksplosiv forårsaka skadar på kraftlinjer nær tysk kolkraftverk

av | 1. september 2026 | 0 kommentarer

Fleire eksplosive innretningar vart tysdag brukte til å ramme kraftlinjer nær eit kolkraftverk i Tyskland. Fleire kraftlinjer vart skadde.

Kraftforsyninga vart stoppa for ein kort periode, og hendinga blir no etterforska av tysk politi.

Fleire enkle bomber vart funne i 8-tida tysdag morgon ved kraftstasjonen Preilack, som distribuerer kraft frå det nærliggjande Jänschwalde-kraftverket i delstaten Brandenburg.

Minst éi av innretningane detonerte, men dei andre gjekk ikkje av, seier ein polititenesteperson til AFP.

Ingen vart skadde, og eksplosjonen førte ikkje til eit større straumbrot.

Kven som står bak bombene, er ikkje kjent. Den venstreradikale gruppa Volcano Group har sagt at dei stod bak brannar og etterfølgjande kortslutningar på kraftlinjer nær eit kraftverk i Berlin i januar. Dei sa då at målet deira er å kjempe mot kapitalismen.

I mars 2024 sette ei gruppe fyr på ei høgspentmast som mellom anna var viktig for straumforsyninga til Teslas fabrikk i Grünheide nær Berlin. Produksjonen ved fabrikken vart stansa i fleire dagar.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar