Det kunngjorde dødsbuet etter Dolly Parton måndag, melder BBC.
Festivalen vil finne stad over to etterfølgjande helgar i begge byar og få namnet DollyFest.
– DollyFest blir ein historisk fest, som ho ønskte å dele med verda, opplyste dødsbuet i ei pressemelding, der det også blei klart at dobbeltfestivalen vil erstatte ein meir tradisjonell, offentleg minneseremoni for Dolly Parton.
Ho døydde 80 år gammal 25. august etter kort tids kreftsjukdom, og ho skal sjølv ikkje ha ønskt ei slik tradisjonell minnestund.
Parton sjølv hadde drøymt om ein tidlegare versjon av arrangementet, der ho skulle opptre saman med andre artistar.
Den opphavlege hendinga var planlagd til januar i år. Men ho blei avlyst før ho blei offentleg kunngjord, på grunn av Partons helseproblem, ifølgje dødsbuet.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115051](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/xIHZsFSERMk.jpg)



0 kommentarer