(NPK-NTB): Båtprodusenten Askeladden Boats krev seg konkurs. – Emosjonelt krevjande, opplyser styreleiaren.
– Det er med stor sorg og eit stort vemod at Askeladden Boats AS i dag 1. september krev seg konkurs, skriv styreleiar Henrik J. Askvik i ei pressemelding tysdag.
Det var Bergens Tidende som omtalte saka først.
– Vegen fram til i dag har vore prega av eit konstant jag etter mogleg auka sal, forteneste, nye produkt og kostnadskutt, som samtidig sakte, men sikkert har rive byggverket ned til grunnmurane, heiter det vidare.
– No er seglasen over, skriv Askvik.
Omsetninga til Askeladden Boats AS har stupt frå 336 millionar kroner i 2022 til 52 millionar kroner i fjor. Dei siste tre åra har selskapet hatt eit samla underskot på over 40 millionar kroner.
(©NPK)




0 kommentarer