Nytt forsøk på rakettoppskyting på Andøya

av | 1. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Andøya Space planlegg i løpet av den kommande veka eit nytt forsøk på rakettoppskyting.

Det er snakk om eit nytt oppskytingsforsøk for Isar Aerospaces bererakett «Spectrum 2», opplyser Nordland politidistrikt i ei pressemelding.

I sommar blei det gjort fleire forsøk på å skyte opp raketten, men dei blei avbrotne grunna tekniske problem.

Tidspunktet for oppskytinga er i tidsvindauget 4. til 11. september. På dagen der oppskytinga vil skje, vil ferdselsforbodet gjelde frå klokka 12 til midnatt, opplyser politiet.

Spectrum 2 skal kunne frakte satellittar som skal gå i bane rundt jorda.

(©NPK)