Kapellet blir opna for folk flest tysdag, og båra skal liggje til defilering fram til gravferda 9. september. Måndag skal det bli halde ei privat minnestund for familien, hoffet og adjutantstaben til kong Harald.
Vel ein time før bileta vart publiserte, var kongeparet, dronning Sonja og prinsesse Märtha Louise ute på Slottsplassen for å helse på folk, sjå på blomsterhavet og takke dei.
Like før dei kom ut på Slottsplassen, førte kongefamilien den avdøde kongen frå Røde Salong til Slottskapellet.
Båra vart ført av barna og barnebarna til kong Harald, dronning Mette-Marit og dronning Sonja. Sonen til Mette-Marit, Marius Borg Høiby, var også med. Han har fått løyve til å forlate Skaugum der han for tida oppheld seg i varetekt med fotlenke.
Prosesjonen gjekk gjennom Den gule salong, Speilsalen, Daglige matsal, Lille festsal og Store festsal og vart leidd av hoffsjefen til kongen.
Båra hadde stått i Den Røde Salong sidan ho vart bringa dit frå Rikshospitalet fredag kveld, same dag som kong Harald døydde.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #114875](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/ArH3hP2ASzY.jpg)



0 kommentarer