Oljeprisen opp etter oppblussing av Iran-konflikten

av | 31. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Prisen på nordsjøolje steig med over 3 dollar etter oppblussinga av konflikten mellom Iran, USA og amerikanske allierte i Midtausten.

Prishoppet måndag kom i kjølvatnet av dei første store krigshandlingane i konflikten på ein månad. Ved 11.15-tida låg prisen på nordsjøolje over 91 dollar per fat.

Forsvarsdepartementet i Dei sameinte arabiske emirata seier dei har avskore ein drone på veg frå Iran. Samtidig avviser Emirata at ein flybase i Dubai blei angripen, slik iranske medium har meldt.

I Jordan opplyser forsvaret at dei har skote ned åtte iranske missil som kom inn i luftrommet i landet. Iran hevdar å ha angripe to amerikanske basar i Jordan som etter seiande fekk omfattande materielle skadar. Dette er så langt ikkje stadfesta av Jordan eller USA.

Søndag angreip USA to iranske rakettutskytingsramper på øya Larak ved Hormuzsundet. Ifølgje USAs Midtausten-kommando var angrepet retta mot iranske styrkar som førebudde seg på å skyte rakettar med sjøminer ut i sundet.

Den iranske Revolusjonsgarden sa at fleire soldatar og andre iranarar blei såra eller drepne – og at angrepa ville bli gjengjeldte.

President Donald Trump har lagt ut ein KI-generert video av eksplosjonar på dei viktige iranske oljeanlegga på øya Kharg, men toppsjefen i det statlege iranske oljeselskapet seier det så langt er roleg på Kharg.

Ifølgje Revolusjonsgarden blei ein oljetankar ramma av eksplosjonar då han køyrde på sjøminer i det garden kallar ei ulovleg rute i Hormuzsundet. Desse opplysningane er ikkje stadfesta av andre kjelder.

(©NPK)