Meklinga starta måndag morgon på Riksmeklarens kontor. Partane har frist til midnatt natt til onsdag for å bli samde.
– Dersom det blir streik, er det mange konduktørar og lokførarar frå Hamar og Lillehammer som kjem til å streike. Det betyr at det vil gå få eller ingen tog mellom Eidsvoll og Lillehammer, skriv Vy i ei pressemelding.
I første omgang blir 135 togtilsette tekne ut i streik frå klokka 6 onsdag morgon, dersom det blir brot.
Ringverknader
Dei streikeklare medlemmene er stasjonerte på ulike stader på Austlandet, mellom anna i Oslo, på Lillehammer, Hamar, Kongsvinger og i Skien.
Det betyr at enkelte togavgangar på andre linjer også blir innstilte, men det er for tidleg å seie kva det gjeld. Om det blir streik, legg Vy ut oppdatert reiseinformasjon på nettsida si og i Vy-appen.
– Konduktørane har ansvar for både sikkerheit og service om bord på toga. Toga kan ikkje køyre utan konduktør, og det betyr at når vi er i streik, blir det innstilte avgangar og færre vogner på toga som går, seier Karinne Miranda Kolstad, streikeleiar for Delta.
Handlar om fritid og lønn
Det er fagforeiningane Norsk Lokomotivførerforbund, Norsk jernbaneforbund og Delta som skal mekle med Spekter, som representerer togselskapa.
For Jernbaneforbundets medlemmer handlar striden ikkje om pengar, understrekar Bianca Fedje, nestleiar i forbundet.
– Medlemmene våre har vore tydelege: Fritida må vernast, seier ho.
Vy har ifølgje Fedje kravd endringar i arbeidstid og turnusreglar frå desember neste år når Flytoget blir ein del av den ordinære togtrafikken.
For Lokomotivførerforbundet er lønn ein viktig del av usemja. Samanslåing av Vy og Flytoget vil føre til lønnsforskjellar blant lokomotivførarane, ifølgje forbundet.
– Vi krev at folk som gjer same jobb, får same lønn, seier forbundsleiar Rolf Ringdal.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #114676](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/73ZfyoQzxSY.jpg)



0 kommentarer