I morgon stig bensin- og dieselprisane igjen

av | 31. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Ved midnatt skjer det mykje omtalte hoppet i drivstoffavgiftene. Avgiftene skal tilbake til nivået dei var på i vår.

Avgiftshoppet vil føre til at pumpeprisen på bensin aukar med 4,41 kroner per liter, medan for diesel vil han auke med 4,51 kroner per liter.

Dermed kan det vere lurt å fylle tanken i løpet av måndagen.

Avgiftene har vore mellombels kutta fram til 1. september etter eit vedtak i Stortinget før påske. I mai blei også CO2-avgift på diesel redusert.

Den gongen var det dei borgarlege partia i allianse med Senterpartiet som tvinga fram avgiftskuttet – mot regjeringa sin vilje.

Blei ikkje forlengt

Då Frp og Senterpartiet etter sommaren prøvde å få med seg dei andre partia på ei forlenging vidare etter 1. september, sa Høgre nei, og det var ikkje noko fleirtal i Stortinget.

Dermed går avgiftene tilbake til vanleg nivå.

Partia på Stortinget har gått inn i ein sørgjeperiode etter kong Haralds død og har varsla at dei vil avstå frå politisk debatt fram til etter gravferda. NTB har derfor ikkje prøvd å innhente nokon politiske kommentarar i samband med avgiftshoppet.

Går opp for anlegg og båtar også

Bakgrunnen for det mellombelse avgiftskuttet var krigen i Midtausten, som sende drivstoffprisane kraftig oppover i vinter.

Ifølgje SSB låg bensinprisen i snitt på 19,59 kroner per liter i juli, inkludert avgiftskuttet, medan dieselen kosta 20,25 kroner.

I mars, før avgiftskuttet, låg prisane på 23,50 kroner per liter for bensin og 24,54 kroner for diesel.

Det er ikkje berre drivstoffet til biltrafikken som har vore mellombels kutta. Stortinget vedtok også kutt i avgiftene for anleggsdiesel, i drivstoffavgiftene til fiske og fangst i nære farvatn og til innanriks sjøfart.

Alle desse går no også opp til nivået frå før det mellombelse kuttet.

(©NPK)