– Trauma etter denne hendinga er enorme, sa David Fisher, som leier arbeidet til Det internasjonale Røde Kors- og Røde Halvmåne-foreiningar (IFRC) i Nepal.
– Tusenvis av heimar er øydelagde eller skadde. Vi trur at minst 93.000 menneske er ramma og har eit stort hjelpebehov. Dødstalet er svært høgt og vil dessverre truleg stiga endå meir, sa Fisher på ein pressekonferanse i Genève fredag, der han deltok digitalt frå Katmandu.
Over 2000 døde og sakna
Dødstala i Nepal vart fredag oppjusterte til 547, medan det i Kina framleis ligg svært lågt og vart oppjustert frå tre til fem. Over 1400 menneske er sakna.
Samtidig melder kinesiske styresmakter at seks redningsarbeidarar for første gong har nådd fram til episenteret for det katastrofale skredet i Tibet.
Katastrofen vart etter alt å dømma forårsaka av at delar av ein isbre kollapsa og fall over 5000 meter ned i ein dal.
Framleis fare for ny flaum
Meldingar om at ein nydanna innsjø var i ferd med å renna over, førte tidlegare fredag til at redningsinnsatsen vart sett på pause på begge sider av grensa.
Seinare vart det oppgitt at faren for nye overfløymingar var monaleg redusert. Ifølgje den kinesiske statskanalen CCTV er faren «handterbar», medan nepalske styresmakter seier dei overvaker to innsjøar i flaumsona, der ein av dei byrja å fløyma over tidlegare fredag. Dei seier at flaumrisikoen vil vara heilt til begge innsjøane er tømde for vatn.
Sakna frå over 30 land
Ifølgje Unicef treng 17.000 barn i Nepal humanitær hjelp straks. Over 90.000 menneske er ramma av katastrofen.
Hundrevis av utanlandske turistar var i området då styrtflaumen ramma, og blant dei sakna er det personar frå over 30 land. Dei kjem både frå asiatiske og vestlege land. Mellom anna er 320 indiske statsborgarar sakna. Ingen nordmenn er blant dei sakna.
– Treng ikkje hjelp førebels
Dei aller fleste omkomne er funne i Nepal. Kina har så langt berre meldt om fem døde, medan 558 menneske framleis er sakna på den kinesiske sida av grensa.
Nepal har bede omverda om økonomisk hjelp, men har så langt avvist å sleppa inn utanlandske redningsmannskap. Styresmaktene i landet seier at dei så langt greier seg utan hjelp frå utlandet.
– Viss Nepal treng spesialisert hjelp eller ekspertise, så vil vi be om det, seier ein talsmann for det nepalske utanriksdepartementet fredag.
Kina vil hjelpa
Kinas president Xi Jinping har på si side bede om at Kina får hjelpa til.
Flaumen har ramma eit område som ligg på grensa mellom Nepal og Tibet. Tibet er ein kinesisk region der store delar av den buddhistiske befolkninga opplever å bli undertrykt av sentrale kinesiske styresmakter.
Ei tibetansk eksilregjering med Dalai Lama i spissen har lenge kjempa for meir sjølvstyre frå basen sin i Nord-India.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113575](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/8UmXFrf5at4-1.jpg)



0 kommentarer